
Bieprodukter har vore med på Rekoringen i Ålesund/Digernes sidan etableringa for fleire år sidan. Dette er ein fin salgskanal med mindre investering av tid både for kunde og produsent. Vi legg ut annonse på facebookgruppa, og kundane bestiller varer frå annonsa, betaler med vipps og henter til avtalt tid og stad.
Bieprodukter ønskjer å nå fleire kundar i nedslagsfeltet for Rekoringen og oppfordrer dei som les innlegget å melde seg inn i facebookgruppa. Du får tilgang på eit bredt utvalg av lokalproduserte varer av meget god kvalitet. Du møtet bonden som har produsert varene og du støttar lokalt landbruk.
Bieprodukter deltar også ofte på Rekoringen Stranda og Sykkylven.