I det som før i tida vart kalla Kalvegjerdet, eit beite under garden Krogsethagen på Slyngstad/Grytastranda, har vi vårt hytteparadis med to nydelige hytter. Den eine hytta leiger vi ut heile året, på sommaren til turistar, og resten av året til bedrifter. Den andre hytta som ligg nærmast fjorden, brukar vi så ofte vi kan sjølve. Vi er ei registrert turistfiskebedrift og skal gjestane våre ta med seg fiskefileter over grensa treng dei tolldeklarasjonsdokument som vi er godkjendt til å skrive ut. Vi er heldige å ha veldig godt belegg, hytta er stort sett utleigt til turistar frå starten av mai og ut september. I perioden oktober til mai er hytta brukt til innkvartering av leigearbeidarar. Vi har dei siste tre åra hatt eit gjestebelegg på ca 98%.

Ein stolt gjest med ein flott steinbit.

Fin fangst!

Grytafjorden.

Sommarhuset vi leiger ut heile året.