
Velkomen til friluftsidyll ved Grytafjorden. Drøymer du om blikkstille fjord, frisk sjøluft og komfort i naturskjønne omgjevnader? Vi tilbyr utleige av eit nydelig sommarhus plassert heilt i vasskanten ved den idylliske Grytafjorden. Her ligg alt til rette for ein uforgløymeleg ferie på Sunnmøre.
Ein base for kvile og aktivitet. Sommarhuset vårt er ein lun fristad, der du kan vakne til lyden av bølgeskvulp og nyte utsikta over fjorden med dei majestetiske sunnmørsfjella rundt. Huset kombinerer moderne fasilitetar med ei atmosfære som innbyr til senka skuldre.
Her kan du oppleve fjordfiske i verdsklasse. Som ei registrert fisketurismeverksemd har vi lagt alt til rette for deg som vil ha fisken på kroken. Når du leiger hos oss, får du tilgang til ein romsleg og stødig båt som er godt egna for fjordfiske.
Grytafjorden er kjent for sine gode fiskeplassar, og med ein god båt kjem du deg raskt ut dit fisken står. Enten du er ein erfaren fiskar eller vil ta med familien på deira aller første fisketur, sørger vi for at rammene er på plass.
Kvifor velje oss? Vi har unik plassering: Naturskjønne omgjevnader rett ved Grytafjorden. Lett tilgang på båt ved egen marina. Kort veg til både fjord og fjell for vandring og utforsking. Du finn oss blant Novasol sine sommarhus på Sunnmøre. Ta kontakt i dag for å sikre deg din neste sommaridyll! Vi har fortsatt nokre få veker ledige i sommar, om du planlegg lenger fram i tid så er det lurt å vere tidlig ute og booke hus for sommaren 2027.

