Bipollen
Eit anna heilt unikt produkt, som er samla rett frå bikuba, hausta inn dagleg i sommarsesongen. Bipollen er rensa, lufttørka og pakka. Tørka bipollen har ein mild søt smak, eit crispy skal, er meget sunt og næringsrikt (rikt på proteiner, vitaminer, aminosyrer og mineraler) og har fin dekorativ farge.
Bipollen kan brukast som ei naturlig smakstilsetting til dømes som strøssel på havregrauten om morgonen, på yoghurt, på cottage cheese, i salat eller frokostblandinger. Fint som pynt på t.d. sjokoladekake eller på iskrem. Bipollen kan brukast som garnityr på kjøtt og fiskerettar. (Prøv gjerne kokt kveite med sylta rødløk og bipollen på toppen). Sjølvsagt kan ein også bruke bipollen reint som eit heilt naturlig multivitamintilskudd i ei teskej på morgonen.
Når biene sjølve fermenterer pollen i bikuba, vert det laga biebrød (perga/ambrosia), til likt med andre fermenteringsprosessar så er det ferdige produktet då meir biologisk tilgjengeleg for menneskekroppen, og pollenet vert betre og raskare absorbert. Bieprodukter vil i løpet av dei neste par åra utvikle ein variant for salg også av dette.

Honning
Honning er framleis hovudproduktet vårt frå biene. Honning vår er ikkje varmebehandla, det vil seie at den undervegs i vår produksjon ikkje varma opp over den temperaturen som biene sjølve har i bikuba. Honningen er slynga ut frå vokstavlene, sentrifugert og silt (ikkje filtrert) for deretter bli rørt saman med vår beste podehonning og tappa på glas.
Gjennom sesongen har vi ulike typer av honning. I juli har vi sommarhonningen vår klar. Denne er trekt inn frå vår og sommarblomster hovudsakleg i Valldalen, både frå fruktbløminga på Linge og seinare jordbær, bringebær og ville blomar ute i naturen. Sommarhonningen er difor multifloral, dvs med smak, konsistens og farge frå mange ulike blomar. Dette gjer at sommarhonningen nesten aldri er lik på smak og sødme frå år til år, både vertilhøve og kva blomar som blømer rikt det einskilde året, varierer mykje. Jamnt over er sommarhonningen mild og fruktig på smak, gjerne litt syrlig. Den har lett for å verte litt fastare når den er finkrystalisert, og difor er det ikkje å anbefale å lagre den i kjøleskap. Vi har sommarhonning i rørt og smørjemjuk versjon eller som flytande urørt. Den siste vil grovkrystallisere sidan den ikkje er gått gjennom røreprosess i vår produksjon, den er naturell og beste teiknet på at dette er tilfelle, er at den etterkvart vil danne store krystaller som lett kjennes på tunga. Dersom ein ikkje liker dette, er løysinga å varme forsiktig opp honningglasset i vannbad (ca 40 grader) til honningen igjen er flytande.
Seinare på sommaren er lynghonningen salgsklar. Det er den purpurfarga røsslyngen som er kjelda til denne honningvarianten. Lynghonning er ein monofloral honning, ein rein sortshonning, med ein karakteristisk sterk aroma, litt meir rik på mineraler og vitaminer enn den mildare sommarhonningen. Smaken på lynghonning er lik frå år til år, og den held seg gjerne smørjemjuk lenger. Fargen er litt mørkare og meir gylden. Lynghonning selger vi ikkje i flytande variant.


Bivoks og bivokslys
Når honningen vert sentrifugert og rensa for vokspartikler, tek vi vare på ddenne voksen saman med bivoksrester frå heile sesongen. Gjennom ein grundig omsmeltingsprosess renser vi bivoksen som vi enten sel som hobbybivoks i 500gr posar, produserer bivokslys i mange varianter eller bruker bivoksen i eget vokskretsløp i birøkten. Bærekraftig drift og ikkje la ressursar gå til spille er viktig for oss. Bivokslys er betydelig meir rentbrennande enn stearinlys, dei sotar ikkje og er godt alternativ for personer med allergi mot soten frå petroleumbaserte stearinlys.
Propolis
Propolis, biene sitt eige antibiotikum, er eit produkt vi ser fram til å kunne tilby. Vi starter prøveproduksjon i sommar.
Handlaga sjokolade
Bieprodukter er ein etablert honningprodusent i Brattvåg på Sunnmøre. Mellom bakkar og berg, i grøne lier, langs fjordar og oppunder høge fjell, har biene våre samla nektar og laga honning i fleire tiår – samstundes som dei har pollinert vekster og teke med seg pollen heim.
No tek vi neste steg og kombinerer naturens beste råvarer frå våre eigne bier med handlaga sjokolade. Konfekten vår er laga med vår eigen honning og bipollen, i samspel med lokale smakar frå naturen biene våre flyg gjennom ein sommardag på Sunnmøre. Målet vårt er å formidle denne unike smaken vidare – ei ekte smaksoppleving frå norsk natur.
