Produksjon

Bieprodukter har investert i maskiner og utstyr i automatisk produksjonslinje på Honninghuset heime på Bjørlykke. Slyngearbeidet går raskt, honningen har kort eksponeringstid og blir pakka på glass i løpet av nokre timar. Dette skaper etter vårt syn ein rikare honning, både smaksmessig og innholdsmessig. Noko av rikdommen som vert bevart er antioksidanter som ved kort bearbeidingstid i større grad kan reddast. Ein rasjonell og ergonomisk arbridsprosess, er også viktig for birøktaren si helse og mulighetene til å kunne arbeide aleine med arbeid som både kan vere tungt og belastende.

Gode tilhøve for hygienisk birøkt, med gode lagertilhøve og gode rutiner for reinhald av utstyr som vert brukt gjennom sesongen, er også ting som er viktig for honningkvalitet og for biene si helse og velferd. Det siste vi har fått installert ein grunnvassbrønn med fullt næringsgodkjent renseanlegg, som sikrer rikelig tilgang på reint vatn heile året av høgste kvalitet.

Eit dedikert produksjonskjøkken for sjokoladeproduksjon, produktutvikling og produksjon av nye produkt frå biene er fullført i løpet av sommaren, innen haustmarknadane startar.