Her er 40 bikuber som søndag starta reisa mot Troms, og 6 bikuber som skal heilt til Sør-Varanger i Finnmark.
Det er ein intens, travel og krevende operasjon å klargjere salgskubene til transport til nord tidlig i august månad. Prosessen inneber å velge ut bisamfunn som er sterke, har godt gemytt og som er avla frå kuber som sankar bra med honning. Kubene må ha dronning i egglegging og ha mest mulig forsegla yngel, minimum et par tavler slik at eg kan bedømme om dronninga er godt para. Deretter må biene flyttast inn i nytt utstyr, og bistyrken må jamnast ut, noko som både er eit lite lotteri og ein kunst i seg sjølv.
Det første tiltaket er å benytte bier fra avleggarar som ikkje har dronning, eller har dronning som ikkje legg egg som vert vanlig arbeidaryngel. Desse dronningane må bøte med livet og biene vert rista ut og søker inn i nabohuset og styrker desse.
Det andre tiltaket er å ta yngelrammer frå sterke kuber til svake, for på den måten auke talet på bier innen få dagar. Ei tavle kan gi 4-7000 nye bier så det er vesentlig å få eit slikt ekstra innbyggjartal med bier.
Et tredje tiltak, dersom det er tid til det er å flytte sterke kuber til plassen der ei svakere kuber står og den svake dit den sterke stod. Dette gjer at den sterke kuba med mange fleire trekkbier donerer sine trekkbier til den svake.
Dersom alt dette vert gjort kan sterke kuber som kan få problemer med varmgang ved lang transport få hjelp til å kunne klare seg godt, og svake kuber som er i underkant av det vi er komfortable med å levere, bli mykje sterkare og innfri kvalitetskravet med god margin.
Min metode for produksjon av nye bisamfunn er ikkje sikta inn mot høgtpresterande elitedronningar, men heller gode bruksdronningar. Eg nyttar friparing der dronningane kryp i avleggarane, parer seg i bigarden, og startar eggproduksjonen omlag ein månad etter deling frå «morkuba».
Avleggarproduksjon kan skje på mange måter, dette er «Bjørlykkemetoden».
