Kven er vi?

Bieprodukter er ei einmannsverksemd der alt arbeid vert gjort av ein mann åleine i eit tett samarbeid med millionar av bier. Vi har nærmare 30 års erfaring frå birøkt som næring på Sunnmøre.

Bieprodukter har produksjonslokaler, lager og vinteroppstillingsplass for biene våre på Bjørlykke ved Brattvåg. Her har eigaren slektsrøtene sine og det er her den genuine naturinteressa vaks fram i han i oppvekståra. Historia med birøkt starta med ei bikube i hagen til mor og far, og interessa vart sterkare ganske raskt så talet på husdyr vaks og vart mange. Snart hadde det som først var ein liten hobby, blitt ein ekstrajobb ved sidan arbeidet som sjukepleiar. Etter nokre år med tungvindte løysingar, starta planlegginga av produksjon og lagerlokaler i 2012. Parallelt med bygging, det aller meste gjort med eigeninnsats, vart 250 bisamfunn teke godt vare på og plikter som nattevakter innen helse gjort etter beste evne.

I 2016 stod bygget klart til å takast i bruk. Vi har utvikla både driftsteknikk og forbedra bygget kontinuerlig og bygget er i dag eit av dei aller beste produksjonsanlegg for honning i landet. Bieprodukter har delteke aktivt i utvikling av produksjonsteknikk tilpassa norske driftsformer for bipollen, biebrød og propolis. Dette er nye produkter for store deler av det norske folket, men velkjente og kjære produkt i andre land der det lenge har vore fokus på å utnytte meir enn honning frå birøktnæringa. Den siste utviklinga av verksemda vår er å etablere ein liten sjokoladefabrikk på produksjonskjøkkenet vårt i Honninghuset. Målet er å kombinere alt det vi produserer sammen med biene våre i nye sjokoladeprodukter, gjerne også med lokale ingredienser som biene gjennom sitt pollineringsarbeid er med på å skape i frukt og bærhagar på Sunnmøre.

Har du spørsmål eller vil bestille?

Ring oss
(+47 951 15 982)