Sjokoladeproduksjon har i mange år vore ein utviklingsveg eg har hatt i tankane. Tanken oppstod like etter eg hadde teke i bruk driftsbygninga mi for honningproduksjon på Bjørlykke ved Brattvåg. Då hadde Elin Blindheim, nylig lagt ned den flotte sjokoladebutikken sin, Choco Plaisir i Brattvågen, og produksjonsutstyret glapp akkurat unna meg til andre interesserte da Elin solgte og flytta. Ikkje lenge etter solgte Trude Vadset sin sjokoladefabrikk Pralina, til Håkon Karlsen, som videreførte konseptet hennar på ein overbevisande måte på Devoldfabrikken.
I 2022 deltok eg på ei studiereise til Latvia i regi av Norges Birøkterlag, der fokuset var å utvikle gode produksjonsmetoder for bipollen, bibrød og andre produkter fra birøkt, tilpassa norske forhold. Her vart vi presentert blant anna for bruk av bipollen og bibrød i sjokolade og fikk ei kort innføring i produksjonen, og det gode salget dei hadde av sjokoladeplatene sine.

I februar 2023 kjøpte eg meg sjølv eit sjokoladekurs i bursdagspresang til meg sjølv. Kurshaldar var den fortsatt like dyktige Elin Blindheim, og kursstad var Hageseter Turisthytte på Dovrefjell. Kurset var kjempeinteressant, utfordrande og spennande, og det gav meg nok innsikt i produksjon av handtverkssjokolade til at eg fekk trua på at det kunne vere noko eg kan klare med tid og stunder.

Sidan fleire lokale sjokoladeprodusentar trappa ned aktiviteten, eller la ned drifta si, følte eg at tida nærma seg for å realisere draumen om eigen sjokoladesatsing. Tilfeldigheiter førte til at Bieprodukter hausten 2023 fekk kjøpe produksjonsutstyret frå Pralina i Langevågen, då Håkon Karlsen la ned sin sjokoladedraum.
Dei neste 1-2 år har gått med til kurs i entreprenørskap, planleggingsarbeid og tilrettelegging av produksjonskjøkken for sjokoladeproduksjon og produktutvikling. Herunder også utvikling av emballasje og oppgradering av logo, etikettar og markedsmateriell.
Våren 2025 var vi heldige og fekk komplettert med litt utstyr, denne gongen frå Varde Sjokolade, som la ned si drift på Follebu. Varde Sjokolade holdt hus på Aulestad, heimgarden til Bjørnstjerne Bjørnson, og dei kunne sikkert med rette spele på «Ja, vi elsker» – sjokolade. Bieprodukter kan vidareføre dette med; «Ja, vi elskar» -sjokolade frå Brattvåg.

