Når vi tek ifrå biene honningen dei har samla inn, må vi gi biene sukkerlake som mat slik at dei overlever gjennom vinteren.

Det går med mykje sukker, fleire tonn, som vi blandar til vintermat til dei flittige biene våre.

Vi brukar ein 400 liters ståltank med ei enkel dykkpumpe til miksing av 150 liter vatn og 250 kilo sukker pr blande. Vi tilsett littegrann eddiksyre for å senke PH, dette gir bedre holdbarhet av laken og biene tar ned foret lettare.

Vi brukar ofte la pumpa gå 10-12 timar, slik at sukkerlaken blir klar og fin. Deretter tappar vi den på 5 eller 10 liters kanner og kjører desse ut i bigardane.

Her står toppforarane på bikubene, og det er nedi desse vi tømmer sukkerlaken. Gjennomsnittleg går det med 16-18 kilo sukker pr kube i vinterfor.


Her står biene klar til å flytte sukkerlaken som blir servert, ned i tavlene i kassa under, der vinternista vert tørka og lagra.
Alle birøktarar som har meir enn 6 bikuber får refundert sukkeravgifta (som i 2025 er kr 9,46). Vi kjøper sukker inkl sukkeravgift og får refundert sukkeravgifta, etter søknad med bilag, i februar året etterpå. Vi handlar sukker i tonnevis og kostnadane vert store, men det hjelper absolutt på å få refundert avgifta!
