Grønt Punkt Norge

Vi tek produsentansvaret vårt for innsamling og gjenvinning av emballasje på alvor.

Som lokalmatprodusent sender vi ut emballasje på marknaden saman med produkta våre. Vi har då òg eit ansvar for at emballasjen blir samla inn og gjenvunnen på ein forsvarleg måte.

Vi valgte å bli medlem i Grønt Punkt Norge i 2023. Då var medlemsskap for små verksemder frivillig. Grønt Punkt Norge er landets leiande produsentansvars-selskap for emballasje. Gjennom medlemskapet vårt betaler vi eit miljøvederlag som går direkte til drift av innsamlings- og gjenvinningssystemet. Grønt Punkt er non-profit, og heile vederlaget blir brukt til miljøføremål.

Første juli i år vart revidert avfallsforeskrift gjeldande. Foreskrifta inneber at produsentane må ta eit større økonomisk ansvar for innsamling og gjenvinning av emballasje, noko som resulterer ei auke i miljøvederlaget. Frå første januar 2026 aukar miljøvederlaget kraftig og ingen produsentar er lenger fritatt fra medlemsplikt.

Ved å ta dette bærekraftansvaret sikrar vi at emballasjen vår ikkje blir liggande som avfall i naturen, men blir ein ressurs som kan nyttast på nytt. Når du vel våre produkt, vel du òg ein produsent som tek ansvar for emballasje og avfall.

Vi håper at alle våre kollegaer innen lokalmat i Bondens Marked og Rekoringane i heile Norges land, tek det rette valget og melder seg inn i Grønt Punkt Norge! Spør gjerne dei du handlar med om dei har medlemsskap i Grønt Punkt Norge!

Del din glede
Einar Bjørlykke
Einar Bjørlykke
Artikler: 19