Det ser ikkje ut til å bli noko særlig blomsterhonning (sommarhonning) å hauste i år. Før første gong sidan eg starta med bier er det ikkjeberre lurt men heilt livsnødvendig for biene at eg forar dei no i trekkpausa mellom sommartrekk og lyngtrekk.
Årets dronningar har også hatt det vanskelig å få parre seg, noko som gjer at kun ca 60% vert produksjonsdronningar, resten vert sortert ut og dei får ikkje leve. I eit normalår har vi 85-95% tilslag på dronningane våre, så sommaren i år har vore særs lite bra for vår drift, verken honning å hauste eller dronningar slik vi forventa. Driftskostnadane har vore store , hovudsakleg kostnader til for.
Kort sagt ein rar sommar, men bikubene er tross vanskene klare til lyngtrekk, relativt sterke og superklare til å hente nektar i røsslyngblomane.