Bigarden

Gjennom året er det mykje som skjer i bigarden. Om vinteren står dei fleste av bikubene våre heime på Bjørlykke i Samfjorden. Då er talet på bier omlag 10000 i kvart samfunn, noko som fyller ei kasse, det kryp tett saman og varmar kvarandre, tek kvar si økt ytterst mot vinterkulda, saman held dei dronninga si god og varm. Ho vert passa på og gitt god mat og god varme gjennom heile vinteren.

Når våren kjem og temperaturen stig so startar dronninga å legge egg, slik at sommarens bier kan kome til verda. Dei gamle vinterbiene døyr utover våren, men dronninga leve i fleire år. Framover våren og fram til jonsoktider vert dronninga mor til omlag 2500 kvar dag, så talet på bier i samfunnet hennar veks til meir enn 60000 midt på sommaren. Dette skjer dersom birøktaren er dyktig og legg godt til rette.

I april vert biene flytta inn til fjordbygdene på indre Sunnmøre, der det er litt varmare og dermed fleire flygetimar utover sommaren. Her inne vert det også dyrka mykje frukt og bær som treng insektpollinering som biene er perfekt utrusta for. På hausten er det Røsslyngen ute ved kysten som er den beste nektarkilda for biene, og då vert dei flytta dit tilhøva er best for det.

Når tida er komen for hausting av honning, vert all honning tatt ifrå biene, og dei får sukkerlake til vinterfor som dei hentar ned og lagrar for mat gjennom den lange vinteren igjen. Slik er livet i ei bikube gjennom eitt år.
SISTE NYTT

Siste nytt frå Bigarden

Vårens mirakel

Det skjer stille rundt om i frukthagane. Eit av naturens vakraste møter finn stad i hjertet…

Våren er komen

Biene er klargjort og køyrt ut frå Honninghuset på Bjørlykke til vår/sommartrekk med pollinering og optimal…