Bieprodukter anno 2026

Det er ei stund sidan forrige innlegg her på nettsida. Vi er no halvvegs ute i februar månad og det skjer saker og ting rundt verksemda vår.

Produksjonskjøkkenet vårt, der sjokoladeproduksjonen og mykje anna produktutvikling skal foregå, er på det nærmaste ferdig. Det er lokalisert på loftet i Honninghuset på Bjørlykke.

Her er litt av interiøret (sjokoladekjøleskap, CW24 sjokoladetempereringsmaskin, og to litt enklare Idea sjokoladetempereringsmaskiner).

Det gjenstår litt før kjøkkenet vårt på 32 kvm er ferdig til bruk. Ventilator og litt anna er ikkje montert, men den elektriske installasjonen er ferdig, likeeins vvs delen. Stor takk til Brattvåg Elektro og Johansen VVS.

Snart er utviklingsfasen for konfekt (pralina) igang, og gradvis vil nok sjokoladeplatene våre få selskap av nydelige fyllte konfekter.

Det vil også nesten heilt sikkert bli etablert ein sjølvbetjent gardsbutikk på tunet utanfor honninghuset til sommaren.

Bieprodukter er i sluttfasen av prosessen mot kjøp av ein brakkemodulrigg, som vil bli satt opp på Bjørlykke utpå vårparten, dersom alt rundt kjøp går bra.

Her vil vi prøve ut eit hybridbutikk-konsept som blir åpen for sjølvbetjening alle dager frå kl 06-23. Det vil også bli mulig å hente forhåndsbestillte varer, og det vil bli betjent butikk til enkelte tider.

Vi vil selge våre egne honning og sjokoladeprodukter, samt andre egenproduserte varer. Det vil truleg gradvis også bli mulig å handle anna lokalmat frå vårt nettverk av lokalmatprodusenter på Sunnmøre og Nordfjord.

Gjennom realisering av desse planane vil vi skilje mellom hovudproduksjonane våre honning og sjokolade. Dette er fordi desse produksjonane har kritiske punkt som påverkar kvarandre, temperatur, smak og lukt. Vi vil også oppnå å få eit ryddigare butikklokale, der kundane får tilgang på ferdige varer utanfor produksjonslokala.

Med ei slik inndeling av aktivitetane og funksjonane for birøkt og vidareforedling, vil også omvisningar på anlegget verte enklare å få til. Det har vore interesse både lokalt og nasjonalt frå diverse lag og organisasjonar for omvisning på eit ganske sjelden og for mange ukjent men interessant produksjonsanlegg.

Målet er at vi skal få til slik aktivitet også i løpet av 2026. Litt helsemessige utfordringar har gjort at vegen fram til ferdig konsept har blitt litt lenger enn det vi ønska, men slik er det når det meste blir gjort med eigne hender.

Del din glede
Einar Bjørlykke
Einar Bjørlykke
Artikler: 19

Én kommentar

Kommentarer er stengt.