Avleggarproduksjon

Vi er straks ferdig med å lage avleggarar, det vil seie lage nye bisamfunn, som vi sel til birøktarar både nært og fjernt. Hovudsakleg sel vi til Troms, Finnmark og eige heimfylke, men nokre reiser til Nordland, Trøndelag eller Vestland.

Vi startar arbeidet med å lage avleggarane i mai, og dei siste lagar vi i første veka av juli. Arbeidet med å lage eit bisamfunn består i å splitte opp eit kraftig bisamfunn med ei dugnaden dronning i tre delar. I ei kassa får gamledronninga framleis halde sitt hoff med trofaste arbeidsbier. I to andre kasser let eg det stå ein blanding av tavler med egg, åpen yngel og fortavler. Når biene i desse to kassene merker dei mangler dronning, vil dei lage seg ei ny dronning frå eit egg/larve. Dette er eit instinkt dei har for at samfunnet skal overleve når dronninga er tapt.

Eg set dei to nye bisamfunna slik at dei får ta over alle trekkbiene som morkuba hadde. Morkuba stiller eg opp på taket av eine avleggarkuba. Her står ho og veks seg sterk nokre veker, og om det er behov for det kan eg flytte ned yngeltavler frå morkuba til døtrene for å styrke dei. Dette er ein driftsteknikk innen birøkt som etterkvart har blitt kalla «Bjørlykkemetoden»

Her har eg laga 11 nye bisamfunn, morkubene med gamledronningane står alle med eitt unntak på toppen av avleggarkubene der datterdronningane etterkvart regjerer.

Her er eit bilde frå levering av nye bisamfunn/bikuber (med bier og dronning) i august 2024. Biene blir transportert av kjøper, og reiser på det lengste så langt som til Lakselv i Finnmark. Vikingbier frå Sunnmøre erobrer Norge 😀 Levering skjer i starten av august og utover.

Dette er ein av våre produksjonar innen birøkta. Det er eit krevende arbeid, og svært veravhengig. I år har det gått med enorme mengder med for til avleggarane, sidan sommaren stort sett har uteblitt. Det som er mest spennande no framover er å finne ut om dei nye dronningane hsr vore heldig med veret og fått funne sine drømmeprinser, fått para seg og klarer jobben som ny dronning, der ho på det meste dksl legge 2500 egg kvar dag i nokre måneder i 3-4 år om ho er heldig.

Her er litt av ca 600 kilo biefor (Apifonda og Candyboard) som mest truleg går med til avleggarproduksjonen i 2025. Ca 120 avleggarar vert laga i år, foreløpig veit ingen kor stort tilslaget blir. Vi selger 50-60 og innvintrer resten til å bli eigne produksjonskuber neste år.

Del din glede
Einar Bjørlykke
Einar Bjørlykke
Artikler: 19