Velkommen
til Bieprodukter
Bieprodukter er ei lita familieverksemd i Ålesund.
Vi driv i hovudsak med honning produksjon. Dronningavl og salg av avleggarar
til andre birøktarar er ei lita sidenisje av forretningsideen.
Dessutan driv vi eit prosjekt med bipollinering av frukt og bær
saman med bønder på indre Sunnmøre. Bigarden tel
no 110 bikuber. Vinterbigarden er i Samfjorden i Haram kommune. Vår,
sommar og haust vandrar vi med biene våre rundt omkring på
Sunnmøre, frå dei indre fjordstrøk i Valldalen ut
til kysten rundt Søvik og Brattvåg.
Røsslynghonningen vår er tilverka
og hausta frå bikuber i lyngheiene ute ved kysten i Haram kommune.
Rein og frisk luft, lite forurensing og vår fantastiske kystflora,
gir oss ein smakskraftig honningvariant med eit høgt mineralinnhald.
Honning er eit resultat av eit økologisk samspel mellom blomar
og bier. Plantene sikrar reproduksjonen sin gjennom biene sitt arbeid
med bestøving, og biene hentar nektar og pollen som dei livnærar
seg på og lagar honning av.
Vi haustar sommarhonning også, denne er hausta
frå bikuber inne i fjordbygdene på indre Sunnmøre,
hovudsakleg i frukt og bærbygda Valldal.
Vi leverer hovuddelen av honningproduksjonen vår
til Honningcentralen i Oslo.
Ein smakebit kan vi likevel tilby.........
Telefon 95115982
|